Eiksundsambandet vart stengt tysdag kveld, etter melding om eit trafikkuhell i Eiksundtunnelen i 23-tida.

Det er ein bil og ein person involvert.

Vedkomande skal vere ut av bilen og får hjelp av andre trafikantar, ifølgje politiet.

Det er ikkje klart om personen er skadd.

Vitne på Eiksundsida fortel til Vikebladet Vestposten at både politi og ambulanse har køyrt inn i tunnelen.

Også bergingsbil er på staden.