Avgangen frå Hareid 09:00 og avgangen frå Sulesund 09:30 måtte tysdag morgon innstillast på Hareid - Sulesund. Det skriv Norled i ei driftsmelding. Ifølgje Norled er det eit teknisk problem som førte til innstillingane.

Det er MF "Ullensvang" som har fått problem.

Norled skriv i ei oppdatering at det vil vere normal drift i sambandet frå 10:00.

Det ser likevel ut til at det framleis er problem med MF "Ullensvang". Også avgangen som skulle gå frå Sulesund 15:30 måtte innstillast tysdag.

Ein reisande fortel Vikebladet Vestposten at det stod igjen 10-15 bilar då Tidefjord gjekk frå Hareid litt eter klokka 15.30.

15:50 melder Norled at C-ruta blir innstilt inntil vidare, samt at det blir redusert kapasitet i B-ruta. Dette fordi "Høgsfjord" tek over B-ruta frå MF "Ullensvang".

MF "Ullensvang" har tekniske problem tysdag og det har ført til nokre ekstra runder utanfor moloen på Hareid. Foto: Marinetraffic