Ventelister hos Ulstein vidaregåande skule

  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Det er ventelister ved fleire av linjene ved Ulstein vidaregåande skule for det komande skuleåret.

Det viser resultatet når det første inntaket er gjort.

Rektor Margaret Alme fortel at det er venteliste på alle tilboda på Vg1, det vil seie det første året.

- Ventelistene er lengst på elektro, idrettsfag og Teknisk Allmenne Fag og kortast på studiespesialisering og Service og samferdsel, fortel ho.

På andre året det i hovudsak elektro som har venteliste, her står femten søkjarar på venteliste.

Og på tredjåret er ventelista størst til Påbygg-klassa, tiil traff for at skulen kjem til å setje i gang to klasser, seier Alme.

Det andre inntaket vert køyrt i starten av august.