– Det skjedde natt til måndag 9. juli. Diverre har ikkje sjåføren kontakta meg. Difor har kontakta politiet og vil også seie frå gjennom avisa, seier han.

Han fortel at bilen må ha vore blå, etter avtrykket på både fjøla som låg att på vegen og ei stripe på gjerdet å døme.

– Eg var ikkje heime då uhellet skjedde, men eg håper føraren tek kontakt så eg slepp å gå vidare med saka, seier han, og held fram:

– Eg ser ikkje vekk frå at noko av grunnen kan vere at bilen har fått skrens på grunn av all strøsanden som framleis ligg i vegbana. Eg har vorte lovd fleire gongar, heilt sidan 17. mai, at kommunen skulle fjerne sanden. Eg forstår det slik at det i vinter vart brukt tre gongar så mykje sand som vanleg, og det er sikkert positivt på glatta. Men eg veit sanneleg ikkje kva som er verst, å ramle på snøen eller på asfalten fordi grusen er som klinkekuler. Eg veit at kommunen har venta på ny kostemaskin, men det finst vel grenser for kor lenge ein kan vente, seier han.

blå bil?: – Bilen må ha vore blå, etter avtrykket på gjerdet å døme, seier Ulstein. Foto: Privat Foto: Tormod Ulstein