Fortnite, The crew, Owerwatch og ein plommeraud DBS

I det eg stryk penselen med gråmåling over den rosafarga panelveggen, sviv tankane på ymse vis. Ikkje i mot fjerne himmelstrok og azurblått hav, men mot dei pågåande diskusjonane med den mellomste poden i heimen.

Det har i nokre veker vore ein del ståhei i heimen. Ståheien går i at mor og far ikkje skjønar at det snart er ”release” av eit heilt nytt Playstation spel, ”The Crew 2”, og at det faktisk er heilt nødvendig å ”pre-order”, dette spelet. Mange tenåringsforeldre forstår kva eg snakkar om, men for dei uinnvigde i den virtuelle verda så er altså spela ”The Crew” , ”Fortnite” og ”Overwatch”, som barna/ungdommane spelar ”online”, på Internettet i lag med gamle vener, nye vener, onlinevener og barn frå Texas, Birmingham, Sheboygan og New Hampshire. Med andre ord så spelar barna våre med andre barn frå heile verda, frå stadar ein knapt har høyrt om. Korleis kommuniserer dei? På engelsk! Om poden ikkje er særleg interessert i engelsken som han lærer på skulen, så skal eg love deg at dei engelske glosene flagrar att og fram mellom store øyreklokker og tilhøyrande mikrofon. Eg må vedgå at eg sjølv, med mellomfag i engelsk, har vore nøydd til å slå opp i ordboka for å sjekke tydinga av eit par ord som poden stadig vekk brukar. Det vil seie – eg slår ikkje opp fysisk i ei ordbok, men søkjer på Ordnett.no på nettet. Må vite.

Eg har ofte sukka over barn og ungdom sin trong til å spele på tv-spel, dataspel og andre spelkonsollar som Xbox, Playstation 1,2,3 og 4, og Nintendo Wii. Og enda tyngre vart sukka då spørsmåla om online-speling byrja å kome. Svara underteikna ofte har lira av seg har vore av arten: ”får sjå”, ”kanskje”, ”vent no litt”, og litt i halvsvevn under ein sårt tiltrengt middagslur, eit slapt ”jada, i morgon”. I morgon, i morgon, men ikkje i dag. Slike svar aksepterer ikkje dagens ungdom, fordi vi må vite at venene ventar på dei. Dei ventar ikkje utanfor ytterdøra etter to raske ”dingdong” i frå dørklokka, men dei ventar på leikeplassen. Ikkje den leikeplassen som vi ”gamlisane”, som dei yngre kallar oss over 25 år, kjenner til, der dissene svingar i raskt tempo fram og tilbake med skrekkblanda gledeshyl frå glade barn, og klatrestativ av morkne treplankar som knapt ber vekta av eit middels stort barn. Nei, ikkje ein slik leikeplass. Venene ventar på leikeplassen online. Den nye leikeplassen. Det er der barna er no, det er der vi finn veneflokken som mange har etterlyst dei siste åra. Kvar er barna, spør vi? Ikkje ute i gata i alle fall. Dei sit vel berre på eit mørkt rom, spelar og skymar for seg sjølve. Trudde vi. Skyming er det mindre av.

Gledeshyl og utrop rungar ut i frå det mørklagde rommet i heimen, der gardinene dekkjer for den herlege sommarsola. Poden svitsjar mellom norsk og engelsk som om han ikkje skulle ha gjort anna i heile livet sitt. Dei engelske glosene som er så traudige å lære på skulen, er ikkje mykje traudige no. Glosene er også mykje meir avanserte. Men ut kjem dei, og i heile setningar. Kva skjer? Tida er inne for å setje seg ned og sjå på kva det er som går føre seg på denne virtuelle leikeplassen. Når barna er små, er vi som foreldre og besteforeldre med barna våre på leikeplassen. Vi gir dei fart på reia, og vi tek i mot dei på sklia. Kvifor er vi ikkje like interesserte i den nye leikeplassen? Personleg har eg vel ikkje heilt forstått, eller følgt godt nok med i den rivande utviklinga innanfor spelverda, og då tenkjer eg altså ikkje på brettspel og den gode, gamle kortstokken. Det eg ikkje har forstått, er at gleda og fryden som ungguten i heimen viser når eit nytt Playstationspel er på veg, er like stor og ekte som den gongen underteikna sjølv fekk sin splitter nye plommeraude DBS-sykkel. Den var skinande og blank. Heilt ubrukt. Ingen hadde sykla på den før, og eg skulle vere den fyrste til å trø pedalane rundt, slik at dei store, smale og kolsvarte hjula skulle bere vekta mi mot uendelege horisontar. Glede. No skulle verda utforskast. På ein skinande ny og blank, plommeraud DBS-sykkel. Styret var krumma som dei vakraste bukkehorn du kan tenkje deg, og der var bremser til bruk både framme og bak. Eg var så stolt og kry, og sykla og sykla att og fram i gata, til eg til slutt våga meg ned den bratte bakken mot den trafikkerte hovudvegen. Eg veit at eg ”kåla” meg mang ein gong, og at der vart ein del skrubbsår, men det er ikkje det eg minnast. Det er lukta av gummidekka, det nyslegne graset og kjensla av den blanke, glatte plommeraude lakken eg hugsar. Gleda over å ha fått noko nytt som var berre mitt. Far hadde drege heilt inn i Stordalen for å fa tak i dette vedunderet til veslejenta. Ja, for det var der eg hadde sett den, og eg gret mine modige tårer for denne sykkelen. Så når veslejenta ynskte denne sykkelen så sterkt, ja… då for far til slutt til Stordalen og kjøpte den plommeraude DBS-sykkelen.

Kvifor har dette gjort så sterkt inntrykk på meg? Jau, fordi eg blei høyrd av dei vaksne rundt meg, vaksne som interesserte seg for kva eg ville drive med. Det lyset eg ser i poden sine auge når han snakkar om dei nye spela, skin like sterkt og klårt som sommarsola, og like klårt som det skein i auga mine den gongen sykkelen kom til gards.

Tidene endrar seg, og vi med dei. Barna i dag har andre ynske og behov enn eg hadde då eg var barn, og dette må både eg og andre foreldre prøve å ta inn over oss, anten vi likar det eller ei. Vi må prøve å vere på den leikeplassen som borna er på, og prøve å forstå kva det er som går føre seg på denne leikeplassen. Eg har halde igjen i mange år, bremsa og skrensa, truga med å ta sikringa til guterommet, men til lita nytte. Grensene for online- speling kan ikkje bli så strenge og rigide at eit barn står åleine igjen på leikeplassen med disser og sklier, medan alle andre i flokken er på den nye leikeplassen. Vi skal ikkje slutte å røre på oss, og eg kjem framleis til lempe ut barna for fysisk leik, men eg skal også vere med barna til den nye leikeplassen, og eg skal setje meg inn i, og lære meg å spele ”The Crew” og ”Fortnite”. Eg vil vere der, gi dei fart og ta i mot dei, akkurat slik som eg gjorde det, og framleis gjer det på dissa og ved sklia.

Merksemda må igjen rettast mot den rosa panelveggen som skal bli grå. Det blir nok ikkje speling i dag. Kanskje i morgon, eller ein annan dag –eg må fyrst male ferdig siste stroket.

Linda Sævik