Fartsmåling i Eiksundtunnelen:

Høg reaksjonsprosent

Over 300 bilistar vart knipsa for høg fart i Eiksundtunnelen første halvår i år. Høgaste fart som vart målt, var 125 kilometer i timen.

gjennomsnittsmåling: Fotoboksane i Eiksundtunnelen var ute av drift i tre år og fungerte igjen først tidleg i år. Reaksjonsprosenten, det vil seie talet på kor mange som har brote fartsgrensa i tunnelen første halvår, er på 0,13. Landssnittet i fjor var 0,05.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Det viser tal henta inn frå ATK-senteret i politiet og Utrykkingspolitiet. Automatisk trafikkontroll, ATK, er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og politiet. Vegvesenet har ansvar for oppsett, drift og vedlikehald, medan politiet skriv ut bøter og inndreg førarkort.

For eit år sidan avslørte Vikebladet Vestposten at fotoboksane i tunnelen hadde vore ute av drift sidan våren 2015. Statens vegvesen hadde då ikkje gitt beskjed til politiet.