Ein mann, busett i Ulstein kommune, må møte i Sunnmøre tingrett etter ei forbikøyring i februar i år.

Ifølgje politiet gjorde mannen ei aggressiv forbikøyinrg i eit sperrefelt i Myrvågvegen i Herøy.

Han fekk først eit forelegg på åtte tusen kroner, men saka er no sendt til behandling i retten.

Under forbikøyringa tok han sidespegelen på bilen han passerte, heiter det i forelegget.

Saka kjem opp i tingretten 7. august.