– Du må hugse å få med noko om Brandal i artikkelen!

Vikebladet Vestposten er på politistasjonen i Ålesund og har nettopp avslutta intervjuet med Evelyn Røren, som er trussel- og familievaldskoordinator i politidistriktet. Det skal vi få til, for ein time tidlegare, på kontoret hennar, fall desse orda:

– Eg er veldig Brandal-patriot. Vi er ein liten minoritet, veit du, ler ho og legg meir alvorleg til:

– Eg hadde ein botnsolid og trygg oppvekst i Brandal. Venninnene mine seier at eg var eit overelska barn, og det stemmer nok. Det er så urettferdig at ikkje alle born har det slik og får denne tryggleiken.

Eigentleg hadde ho ikkje tenkt å jobbe med saker som involverer vald og overgrep.

– Eg syntest dette var frykteleg låke saker og tenkte at dette, dette skal eg skjerme meg sjølv for. Slik er det faktisk i politiet, det er mange som skjermar seg, spesielt for dette saksområdet. Eg har jobba ute på patrulje og mykje med narkotikalovbrot, men eg har etter kvart funne ut at det ikkje er noko som er viktigare enn å hindre og stoppe vald og overgrep. Desse sakene er for meg dei viktigaste i heile verda, og det synest eg eigentleg at alle bør vere samde i. Og eg må vedgå at det er spesielt saker som gjeld born som engasjerer meg, sjølv om eg også jobbar med vald og overgrep mellom vaksne.

Korleis påverkar jobben din deg?

– Eg har sett med åra at eg taklar det, men eg blir nok påverka. Så eg veit ikkje om eg held i denne jobben for evig og alltid. Det kjem litt snikande, ei slags utmatting, tunge ting som dukkar opp. Men det å ha denne ufattelege sjansen, å gå på jobb kvar dag og kunne utgjere ein forskjell for nokon, det er viktig. Det blir sagt at det finst to typar politi: dei som vil ta og dei som vil hjelpe. Eg trur faktisk at eg har begge i delar i meg.

Ho og mannen, som kjem frå Bigset, budde lenge i Ålesund. Etter at dei fekk første barnet flytta dei til Brandal. Borna er no fem og ni år gamle.

– Det at eg har born sjølv gjer meg sikkert ekstra soft i enkelte saker, det trur eg. Men eg trur også at ein ikkje kan jobbe med desse sakene utan å ha ein ekstra porsjon empati. Kan hende folk trur at ein må vere flink til ikkje å ta ting innover seg, men for meg har det vore viktig å ta det heilt inn. Då gjer eg ein best mogleg jobb.

Korleis reagerer du når du tek det heilt inn?

– Nokre saker går meir inn på meg enn andre, slik er det berre. Eg blir veldig indignert på vegner av borna som har vore utsette for vald eller overgrep. Og det er heilt klart, å flytte heim til Brandal bu der med familien, det har nok vore min måte å overleve på. Nokre saker gløymer eg aldri.

Kan du nemne ei slik sak?

– Eg skal vere både profesjonell og objektiv, men enkelte dagar vaknar eg hudlaus og er ikkje klar til å møte samfunnet. Eg hugsar ein gong eg var gravid og skulle gjennomføre eit avhøyr. Det var ei grov mishandlingssak mot ein gut og eg skulle avhøyre eit vitne. Det var eit veldig sterkt avhøyr og eg måtte kjempe med tårene. Og kanskje er det ok at også vi i politiet viser kjensler? Men eg må sjølvsagt tole å høyre detaljar i slike saker. Eg har høve til å vere den eine som utgjer ein forskjell, det er ei glede som eg vil seie veg opp for alt det tunge vi høyrer og dei fæle bilda vi ser.

Kva må til for å hjelpe endå fleire born?

– Eg driv mykje med førebyggande arbeid, og held ofte eit foredrag som heiter «Å tørre å spørre». Det handlar om at folk må ta kontakt med politiet, vi vil vite alle saker. Det er ikkje vi som møter desse borna først, det er dei som jobbar i barnehagen og skulen, det er naboar og slektningar. Det er så mykje jævelskap der ute at det er utanfor vår fatteevne, så dei fleste torer ikkje tenkje tanken på at det skjer overgrep og vald. For å hjelpe fleire må alle få meir kunnskap. Men vi må ikkje vere redde for å prate med borna. Når eit barn fortel deg noko, det er akkurat då du må snakke med det, ikkje utsetje til ein annan gong, seier Evelyn Røren.