– Eg er veldig glad i å vere saman med folk, for det gir meg veldig mykje å vere saman med andre, fortel Linda Rogne Stornes frå Ulsteinvik.

Ho har teke på seg å vere aktivitetsvenn. Det er eit frivillig oppdrag, og som aktivitetsvenn får ein kurs og rettleiing for å finne på ting saman med ein som har demens. Nyleg var Linda og Reidun på Runde Miljøsenter og såg på utstillinga der. Sonen til Reidun, Nils Roar Hareide, er havforskar og dagleg leiar på senteret.

– Utstillinga var spesiell, for dei hadde brukt råvarer frå havet. Det imponerte meg veldig, seier Reidun Hareide til Vikebladet Vestposten nokre dagar etter besøket på Runde.

Var lærar og elev

Linda Rogne Stornes var med på det første kurset som Ulstein kommune gjennomførte saman med Nasjonalforeningen for folkehelsen i september i fjor.

– Då eg såg annonsen i avisa om eit slikt aktivitetsvennkurs, melde eg meg på. Etter kvart fekk eg tildelt Reidun. Og det er litt spesielt, sidan eg hadde henne som lærar på ungdomsskulen, seier Stornes.

Ho fortel at det alltid har vore kjekt å prate med Reidun, ho har alltid hugsa namna på alle elevane sine.

– Det er heilt opp til oss sjølve kor ofte vi møtest. Nokre gongar finn vi på noko annakvar veke, andre gongar går det lenger tid. Og eg har avklart med Reidun at eg også kan stikke innom henne utan å ha gjort ein avtale først, fortel Stornes.

– Fungerer veldig bra

Reidun Hareide er 81 år og har budd i Holsekerdalen 20 i tre år. Når lokalavisa ringer, er ho ute og går ein tur.

– Eg har med rullatoren, det er trygt og godt. Det er veldig greitt å bu her i Holsekerdalen. Eg kan velje om eg vil vere for meg sjølv eller om eg vil vere saman med dei andre, fortel ho.

Kva synest du om ha Linda som aktivitetsvenn då?

– Jau, det fungerer veldig bra, det. Og så kjenner eg henne frå før, sidan eg har vore læraren hennar, fortel ho.

På Runde Miljøsenter tok ho og Linda seg tid til ein kaffikopp og eit kakestykke før dei kika på utstillinga i andre etasje. Tema for utstillinga er plastforsøpling i havet.

– Tid til overs

I Ulstein er det no ni personar som er ferdig kursa som aktivitetsvennar.

– Vi har ikkje planlagt dato for neste kurs. Men no har det kome eit e-læringskurs på internett, som alle kan ta, fortel folkehelsekoordinator i Ulstein kommune, Kristine Dale.

Dei som tek nettkurset må oppgje kva kommune dei høyrer til.

– Etter at dei har gjennomført kurset vert dei kontakta av leiaren i arbeidsgruppa i den kommunen, og her i Ulstein er det altså meg. Så inviterer eg til oppfølingssamtale, seier Dale.

Linda Rogne Stornes jobbar til dagleg på reisebyrået på Stålhaugen i Ulsteinvik. Ho har tre born på fjorten, atten og tjuetre år.

– No når borna er store, har eg litt tid til overs. Då er det kjekt å glede andre og vere til hjelp som aktivitetsvenn. Og eg trur faktisk dette gir meg like mykje som det gir Reidun, seier ho.

Vil du rå andre til å engasjere seg som aktivitetsvenn?

– Ja, absolutt. Det er mange eldre som sit mykje åleine. Som aktivitetsvenn kan ein også vere til hjelp og avlaste familien deira, seier Stornes.