– Eg har hatt ei utruleg bratt læringskurve, og det har vore veldig givande.

Evelyn Røren tek imot lokalavisa på kontoret sitt på politihuset i Ålesund, der «det stadig blir felt tårer, så eg har alltid sånn grinepapir her». Ho jobbar med dei tyngste sakene, dei som handlar om vald og overgrep mot born og vaksne.

I 2014 fekk ho koordinator-jobben på Sunmøre. Då hadde ho i to år etterforska vald- og overgrepssaker, etter å ha jobba ute på patrulje sidan ho var ferdig med politiutdanninga i 2003. Frå 2017 fekk ho ansvar for trussel- og familievaldssaker i det nye Møre og Romsdal politidistrikt.

Ordninga med familievaldskoordinator i politet kom tidleg på 2000-talet, fordi ein såg at politiet ikkje hadde gode nok rutinar for saker som gjaldt vald i nære relasjonar.

– Eg vil kalle det eit paradigmeskifte. Tidlegare såg vi på slikt som privatsaker, og kalla gjerne hendingar for OPS: Ordna på staden. I dag er dette vanskeleg å fatte, men heldigvis er endringa ønskt både av politikarar og folk flest. No diskuterer vi ned på detaljnivå, og det har vore ei glede å få vere med på denne endringa, seier Røren.

Akkurat no etterforskar politidistriktet 160 saker som gjeld vald i nære relasjonar. Og talet på saker som gjeld seksuelle overgrep er 358.

– Det er veldig mange saker. Det er rundt seksti personar som jobbar med dette i politiet her i fylket, berre eit fåtal på heiltid. Vi treng fleire på heiltid, også fordi desse sakene krev ekstra forståing og kunnskap. Min jobb er mellom anna å koordinere politidistriktet sin samla innsats for å redusere vald i nære relasjonar, rettleiinga etterforskinga, overvake tilfanget av saker og gje råd om kompetanse- og kapasitetsbehov til leiinga, fortel ho.

I 2015 kom det nye reglar for korleis born skal avhøyrast.

– Ja, det har vore ei endring i samfunnet: vi skal høyre på borna. Vi avhøyrer veldig mange fleire born og det skal aldri gå meir enn tre veker før politiet snakkar med dei. Før måtte ungane inn på eit avhøyrsrom på politistasjonen her, no har vi fått Barnehuset her i Ålesund. Der er alt lagt opp til slik at det skal bli ei så god oppleving for borna som mogleg. Det er ei fantastisk løysing!

Korleis brukar de Barnehuset?

– Vi har det vi kallar aksjonsdagar, som krev eit stort apparat. Den dagen skal vi snakke med alle involverte. Viss det til dømes er mistanke om at eit barn er utsett for eller har vore vitne til vald eller overgrep, tek vi barnet og eventuelle søsken med til Barnehuset. Tanken er at alle offentlege instansar skal kome dit barnet er. Også dei mistenkte skal avhøyrast same dag, men det skjer hos politiet.

Første halvår i år vart 143 born avhøyrde på Statens barnehus i Ålesund. Berre seks av dei vart undersøkte av lege.

– Det siste talet er for lågt, men det viser seg at der er lege berre ein dag i veka. Så her har vi i politiet ein jobb, vi må be om lege for å synleggjere behovet. Det er slik at vald og overgrep ikkje berre vert avdekt gjennom avhøyr, seier Evelyn Røren.

Ho viser til at sjølv i Noreg, som er eit av verdas beste land, så treng born betre vern. Både barnevernet, krisesentera, familievernkontora og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har Evelyn Røren som kontaktperson i politiet i Møre og Romsdal.

– Fleire saker må avdekkast tidlegare, så her må barnevern, politi og helsevesen snakke endå betre saman. Det er faktisk slik at inntil ti prosent av norske born lever i ein kvardag med vald og/eller overgrep, fortel ho.

Kven har ansvar for å melde frå?

– Alle. Ei av kampsakene mine er at verken politiet eller barnevernet kan klare dette åleine, vi er nøydde til å ha heile samfunnet med på det. Eg trur folk flest ikkje torer å tru at born vert utsette for overgrep og vald. Men dette skjer i alle slags heimar, det er umogleg å sjå på eit menneske om det er overgripar. Så det handlar om å tore å snakke med og lytte til det born seier.

Svært mange saker som handlar om vald i nær familie vert lagt vekk. Berre rundt 23–25 prosent hamnar til behandling i rettssystemet.

– I desse sakene er ikkje straffa det viktigaste, det viktigaste er å stoppe vald og overgrep. At ei sak vert lagt vekk, betyr ikkje nødvendigvis at det ikkje har skjedd noko, det handlar meir om at vi i politiet ikkje klarer å bevise at det har skjedd noko straffbart. Vi avdekkjer også mykje omsorgssvikt, som i seg sjølv ikkje er straffbart. Og så er det ingen ting som er betre i vår jobb enn når vi tek feil, når det viser seg at ei uromelding om eit barn ikkje stemmer, seier Røren.