Det er avdelinga til Havforskingsinstituttet som arbeider med straummodelleringar i havet som skal gjere kartlegginga.

– Vi tenkte, kvifor ikkje kople straummodellane opp mot drift av makro- eller mikroplast. Vi brukar då modererte straumforhold til å sjå kvar dei mest sannsynlege strandingsområda for plast, som driv i overflata, er. Dette tenkjer vi kan vere ei informasjonskjelde for dei som skal kartleggje kor mykje søppel som ligg på strendene rundt forbi, seier oseanograf Jon Albretsen til Fiskeribladet.

Førebels har Albretsen og kollegaene laga kart for Sørlandet, Rogaland og opp til og med Frøya. Tilbakemeldingane så langt er gode.

– Tilbakemeldingane vi har fått på karta er at dei stemmer godt overeins med dei stadane der lokalbefolkninga ser at det er mykje søppel, seier Albretsen.