Ulik befolkningsvekst

Frå 2017 til 2018 sank befolkninga i Hareid kommune med -0,7%, det svarar til -35 personar. I januar 2018 var folketalet i Hareid kommune 5150 personar.

I Ulstein steig befolkninga med 98 personar i det same tidsrommet, som er ei prosentvis auke på +1,2%. Folketalet i Ulstein var i januar 2018 8555.

Fødselsoverskotet er ein viktig del av dette reknestykket, men det er svært få kommunar der fødselstala er høge nok til å oppretthalde befolkningsstorleiken utan tilflytting eller innvandring.

I ei niårs periode frå 2009 til 2018 har Ulstein hatt sterk vekst i befolkninga, i prosentvis samanlikning med heile landet. Tilveksten har vore på 23,2 % samanlikna med snittet i heile Noreg, som ligg på 10,3 %, det svarar til 1609 personar. På Hareid var veksten moderat, og låg på 8,6 %, som er eit auke på 409 innbyggjarar.

Innvandring

Generelt i Møre og Romsdal har innvandrarar vore ein viktig drivar for den positive utviklinga i folketalet. I både Ulstein og Hareid er det flest innvandrarar frå Europa (utan Tyrkia). I Hareid er det 513 personar, medan det i Ulstein er 809 personar. Av denne delen av befolkninga i Hareid er dei fleste frå Polen og Latvia, medan det er flest frå Polen og Romania i Ulstein. Den nest største gruppa med innvandrarar i begge kommunane kjem frå Asia (med Tyrkia). I Hareid er det 207 innvandrarar herifrå, og 319 i Ulstein. Dei fleste frå denne regionen kjem ifrå Sri Lanka og Syria, i Hareid, medan det er flest frå Syria og Thailand i Ulstein.

I Hareid var det til saman 790 innvandrarar registrerte januar 2018. I Ulstein var talet 1318. Det er mindre enn talet på registrerte innvandrarar i begge kommunene, året før.

Aldersgrupper

Per 1. januar 2017 var den største aldersgruppa i Ulstein folk mellom 40 og 49 år. I Ulstein var det registrert 1353 personar i denne aldersgruppa, medan det var 663 personar i Hareid kommune i same aldersgruppe.

I Hareid kommune var det flest folk mellom 30 og 39 år. I alt 678 var registrert i denne aldersgruppa vs. 1114 i Ulstein kommune.

Dei minste aldersgruppene i begge kommunane er personar som er 80 år, eller eldre, og tenåringar frå 13–15 år. I Hareid var det berre registrert 175 stykk i aldersgruppa 13–15 år, medan det i Ulstein var registrert 360 stykk. Av dei aller eldste var det 271 i Hareid, og 295 i Ulstein.

Uføretrygd

Når det kjem til uføretrygd er det kvinnene som toppar statistikkane i Møre og Romsdal, men generelt kjem både Ulstein og Hareid bra ut i forhold til dei andre kommunane i fylket på denne statistikken. I Ulstein var rett over 6 % uføretrygda i 31. mars 2017, medan rett under 8 % var uføretrygda på Hareid. Til Samanlikning var 15 % av arbeidsstokken på Smøla uføretrygda, og kom dårlegast ut i fylket.

All informasjon er henta frå kommunestatistikken 2018 og Fylkesstatistikken 2017, ein rapport skrive av Ole Helge Haugen for Møre og Romsdal fylke.

https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Plan-og-analyse/Statistikk-og-analyser/Kommunestatistikk

file:///C:/Users/v704emei/Downloads/Fylkesstatistikk+2017.pdf