–So langt i år har vi vigsla 6 par, so har vi 3 planlagde vigsler utover hausten. I fjor var her 6 vigslar, so det er faktisk ein oppgang frå sist år, fortel soknepresten.

Han ser ein tendens til at fleire no giftar seg i kyrkjene på Hareidlandet.

– Det kyrkja står for er like aktuelt i dag, som det var for 2000 år sidan, meiner han.

Motsett tendens hjå ordføraren

Trass i at ordførar Anders Riise meiner at dei på det mellombelse rådhuset i Hareidsmyrane kan få til ei fin og verdig høgtidsstemning, er det ingen som har gifta seg der so langt.

–Vi har kjøpt inn ein del utstyr; Dukar, lysestake, og ei fin mappe til å ha arka i. Og eg stiller sjølvsagt i dress, forklarar Riise, som har også laga ein mal for vigsler som han har øvd seg på. Anders trur at grunnen til at dei ikkje har hatt nokre vigsler enno er oppussinga. – Folk tenkjer kanskje at det er negativt at vi er ute av rådhuset for tida, fortel Riise.

Sidan rådhuset er under renovering, vil det ta nokre månader før dei er tilbake på plass. Men når ein giftar seg borgarleg i Hareid kommune, kan ein velje å ha vigsla ein annan stad enn på rådhuset.

– Det kan vere på Kvitneset, på ishavsskuta Polarstar, eller Melshornet, foreslår han.

Ordførar: Anders Riise er ordførar på Hareid, og er ein av dei som kan utføre borgarleg vigsel her, saman med varaordføraren. Han synest også det er greitt at folk vel å gifte seg i kyrkja.

Sentral kyrkje

–Kva trur du er grunnen til at ingen har gifta seg borgarleg endå i Hareid kommune?

– Eg trur det er noko med at kyrkja i Hareid er veldig sentral i folks bevisstheit. Vi har ei svært aktiv trusopplæring, og her er ingen strid når det kjem til teologiske spørsmål i bygda, seier Grimstad.

Han trur at folk ynskjer å;

– I gåseauge gjere det «skikkeleg» når dei fyst skal gifte seg, og då på tradisjonelt vis.

Han ser seg rundt i det heilage rommet.

– Når her er fullt med bryllaupsgjestar i finstasen, Mendelsohns brudemarsj spelar opp og bruda kjem i ein fin, kvit, kjole. Da er det høgtid. Da må eg tørke ei tåre. Det er ein vakker seremoni, seier Leidulv, og held fram: Det er sjølvsagt brudepara sin fulle rett å gifte seg borgarleg, men i kyrkja er det meir enn berre; «Vil du ha den, og den?». Her har vi ei ramme, og ikkje minst, so får ein Guds velsigning over ekteskapet. Den same velsigninga som har vore brukt sidan Aron si tid, og at det blir bedt for ekteskapet, og heimen som dei no skal starte. Men har ikkje brudeparet ei tru med ei kristen forankring, so betyr kanskje ikkje ei kristeleg velsigning over ekteskapet so mykje.

Alternativ til det pompøse

Soknepresten trur også at friare tøylar når det kjem til form og location kan påverke talet på vigsler.

– Vi gir dei andre val enn dei tradisjonelle, pompøse vigslene. For eksempel har vi hatt seremoniar der berre brudeparet og forlovarane har vore til stades. Ein periode ville folk gifte seg både høgt og lågt – Folk gifta seg flygande i fallskjermar og i undersjøiske tunnelar. Men no er det berre ope for vigsler på plassar der vi har gudstenester, forklarar soknepresten.

–I Ulstein er det sju par som har gifta seg borgarleg, so langt i år. Trur du det er ein spesiell grunn til at det er so ulikt i dei to kommunane?

– Ein skulle tru at Ulstein og Hareid var to ganske harmoniske og like kommunar, i folkelynne, eller kultur. men her er nokre forskjellar. Eg trur det har med befolkningssamansetninga å gjere. Ulsteinvik har fått eit meir urbant miljø på grunn av industrien, tilflyttinga og det at dei har Ulstein Vidaregåande, forklarar Leidulv.

–Det var ein del folk som var kritisk til at kommunane skulle bruke tid på borgarlege vigsler. Men på Hareid har praksisen vist seg å ikkje vere ei belastning i det heile, avsluttar Anders Riise med eit glimt i auge.

«Formannssskaps rommet»: Sidan Hareid rådhus er under renovering, held ordføraren til i dei gamle lokala til Hareid Elektriske. Dette rommet tenkjer dei passar til å stelle i stand til vigsel. Foto: Emily Louisa Millan Eide