- Problema vil bli endå større i 2019, 2020 og 2021, sa Bernt Brandal (Folkelista) då Hareid formannskap i siste møte konkretiserte kutt på tilsaman 4,7 millionar kroner i kommunen sitt driftsbudsjett for 2018.

Brandal sa seg samd med rådmannen i at kommunen måtte gjere meir langsiktige grep.

Oskar Grimstad (FrP) tilkjennegav på si side bekymring for realiseringa av helsehus og fotballhall.

Omfanget på kutta vart vedteke i kommunestyret sitt junimøte, men med melding til administrasjonen om å kome tilbake med ei snarleg konkretisering.

Formannskapet vedtok dermed rådmannen si tilråding samrøystes med slike sektor-kutt:

Velferd kr 1.912.000 (1,74%).

Samfunnsutvikling kr 826.000 (2,35 %).

Læring og kultur kr 1.962.000 (1,46 %).

Sentraladministrasjonen kr 26.000 (0,15%).

Innskjerpar tilsetjingspraksisen

Eit grep i kuttprosessen er å innskjerpe kommunen sin tilsetjingspraksis ved at alle tilsettingar frå og med dags dato skal godkjennast av formannskapet.

Det er også lagt opp til å gjere ein del stillingar vakante, d.v.s. at ein ikkje tilset nye personar når nokon sluttar – eventuelt drøyar med å gjere det.

I saksutgreiinga gav rådmannen ros til dei ulike avdelingane for god budsjettstyring og gjorde det klart at det ikkje var meirforbruk, men inntektssvikt, som gjorde at ein no måtte kutte i drifta.

I skulen sparer ein lønskostnader blant anna ved at rektorane tek vikartimar.

Lønsmassen er største delen av kommunesektoren sitt

budsjett.

- Men sjølv om det er laga ein plan for korleis sektorane skal

klare desse kutta, er det sjølvsagt ingen garanti for at vi vil lykkast med dette, skriv rådmannen. Skulle kuttprosessen slå feil, kan kommunen som siste utveg dekke eit eventuelt underskot med bruk av fondsmidlar, som no ligg på ca 14 mill. kroner.

Av dei få innlegga som kommenterte rådmannen sitt detaljerte kuttforslag kan nemnast at både Oskar Grimstad (FrP) og Kjetil Nesset (Folkelista) fann det underleg å nytte refusjon på sjukefråvær som ein budsjettert inntektspost resten av året.

Stian Rune Brandal (AP): - Vi kan ikkje halde på med desse kutta i all evigheit – til vi når eit nivå der viktige tenester ikkje blir utført.

Oskar Grimstad (FrP) åtvara for sin del om at renta kom til å stige. Han meinte politikarane måtte blir meir strukturerte. Det galdt også han sjølv. Det var lett å la seg rive med av gode tiltak og behov.