Bror, som kan gi kven som helst tårer i auga, og gåsehud når han syng med si fyldige stemme, har funne seg ei som også kan kunsten. Laurdag ettermiddag gifta dei seg i Ulstein kyrkje.

Vigsle

Seremonien starta med Brudemarsj frå Lohengrin av Richard Wagner medan den elegante Ida kom gåande opp midtgangen saman med far sin.

For dei var det eit mål å ha eit nøkternt bryllaup. På kyrkjebenkane sat det berre nære vener, familie og nokre naboar frå Selvågen.

-Kjære Ida, og kjære Bror Magnus. De har kome hit til Ulstein kyrkje, for å inngå ekteskap. Oss er samla her for å gle oss med dykk, let inngangsorda til sokneprest Leidulv Grimstad. Før alle syng No livnar det i lundar.

-Det er so kjekt å sjå kor glade de er i kvarandre, og at de berre vil kvarandre vel, fortel sokneprest Grimstad medan han reflekterer over sitt fyste møte med paret.

Ekteskapskurs

Før dei gav kvarandre ringane haldt soknepresten ein tale.

-Eg har tenkt å gje dykk eit kurs ... Eg veit ikkje om de har gått på noko ekteskapskurs i forkant, difor tek eg det her og no, om det er greitt. Det er ikkje innvikla. Kurset har tre fasar. Eg trur også at bryllaupsgjestane dykkar kan dra nytte av dette. Den fyste delen gjeld dei fyste åra av ekteskapet; Eg ser deg. Det er fire ting som er viktig her; Augekontakt, konsentrert merksemd, fysisk kontakt og grensesetjing, forklarar soknepresten i talen sin, før han held fram;

-Den andre delen av kurset heiter; Eg likar deg. Ikkje slutt med å gje komplement til kvarandre. Det er viktig å få høyre; Eg er glad i deg. Eg elskar deg. Den tredje delen av kurset; Eg blir hjå deg. Forsikr kvarandre om at dykk ynskjer å vere saman.

Bryllaupsdagen

Dagen starta med fotoshoot hjå fotograf Per Eide på eit nes i heimbygda Eiksund. Etter kyrkja vart det middag på Ulstein hotell, etterfylgt av kaffi og kaker på grendehuset i Eiksund.

Toastmaster for dagen er Morten Feiring.

Faren til den nygifta Bror, Bertil Tødenes var nøgd etter vigsla. -So langt har det vore strålande, fortel han. -Og vêret vart som bestilt!