Hareid har ikkje hatt turistinformasjon sidan 2013. I formannskapsmøtet 12. juli etterlyste Annika Brandal (V) initiativ for å få funksjonen i sving att.

- Kva gjer Hareid for å ivareta dei som kjem til kommunen vår? spurde ho og viste til at Servicetorget på rådhuset tidlegare hadde fungert som turistinformasjon på sommarstid. Men no når rådhus-funksjonane låg framme i Hareidsmyrane, var ikkje dette ei god nok ordning.

- Eg veit at der er nokre brosjyrer på biblioteket, men har ikkje registrert at der er turist-informasjon, sa Brandal, som peikte på Ulstein no hadde denne i kafeen på Ulstein Arena.

– Kanskje bør vi sjå turistsatsinga i samanheng på heile Ytre Søre Sunnmøre, sa ho.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge kommenterte at turistinformasjonstenesta i Hareid hadde lege brakk sidan 2013.

- Vi har ikkje hatt den nødvendige statusen, og det er ikkje berre å opne, sa ho og sette si lit til at den nye personen i stillinga som formannskapssekretær/informasjonskonsulent ville få til noko i 2019 i lag med den nye kulturkonsulenten.

– Men vi rekk det ikkje i år, la ho til.