Natt til søndag starta det å brenne i terrenget på Lisjenotten i Ulsteinvik.

- Vi har seks mann på veg til området, fortalde fagleiar for brann, Per Erik Akerjordet, til Vikebladet Vestposten like etter klokka 02.30.

Han stod då ved Strandabøkrysset og observerte brannen og koordinerte innsatsen til brannvesenet.

- Det har nettopp skjedd ei trafikkulukke i Hjørungavåg, så mannskapet på Hareid er opptekne med den, sa Akerjordet.

Per Erik Akerjordet sa at det også var ei utfordring å få vatn opp til området.

Ikkje så lenge etterpå såg det ut til at brannfolka hadde fått kontroll over flammane.

Då kom det berre røyk frå området.

Ifølgje ei twittermelding frå politiet oppstod brannen langs "Stikk ut"-ruta som går i området.