-Høyrer du stemninga? Folk har feira sidan klokka 12. Det er musikk, og synging. Alle ventar i spenning, seier Igor Terzic. Han fylgjer med på kampen frå Kroatia.

Jordskjelv

Då Kroatia scora sitt andre mål mot England i semifinalen måndag, vart det markert jordskjelv ved institutt rundt om i landet. -Alle apparata markerte at det var vibrering. Det var fordi alle hoppa og jubla! Om vi vinn, kjem det til å eksplodere, vi kjem til å feire heile natta. Ingen kjem til å fare på jobb. Heile nasjonen fylgjer med no, seier Kroateren ekstatisk.

-Kva vil ein siger bety for landet?

-1,7 milliardar menneskje ser på kampen, og vil vite kven vi er. Eg trur ikkje det kjem til å hjelpe økonomisk, men folk kjem til å bli glade, og ha ein glimrande sumar. Vi er det 13 landet som nokon sinne har vore i VM-finalen. Om vi vinn er vi det nest minste landet som vinn nokon sinne, etter Uruguay.

-Kven er favorittspelaren din?

-Mario Mandžukić.

-Korleis ser du kampen?

-Eg har site saman med ein fast gjeng, blant anna 86 år Gamle Arvid Fjærli frå Kristiansund. På ein fast restaurant, og sett alle VM-kampane.

-Kven trur du vinn?

-Hjartet til Kroatia vinn. Det blir uansett sterkt. Vi er i finalen. Det er det ikkje mange som har gjort, fortel Igor, og held fram:

-Nordmenn var triste når Kroatia vann over England i semifinalen, men eg håper at dei heiar på Kroatia no!

-Korleis feirar du om Kroatia vinn i kveld?

-Eg kjem til å komme på jobb med kroatisk flagg og drakt i august. Eg kjem til å gå med det kvar dag fram til jul, og alle blir lei, fortel Igor.

Ein folkefest

Jimmy kjem frå Alsacei i Nord-aust Frankrike. Han skal sjå kampen heime på kjøkkenet på Flø saman med kona og dei tre borna sine.

-Kva skjer om Frankrike vinn?

-Det blir ein stor fest. Alle er i Paris for å feste, det kjem til å bli ein folkefest i heile Frankrike.

-Kva vil ein siger bety for landet?

-Det kjem til å bety veldig mykje akkurat no, sidan det har vore so mykje som har skjedd i Frankrike i det siste, som har fått folk til å samle seg. No kan franskmennene endeleg samle seg for noko gøy. Så det er veldig bra, fortel Jimmy Kieffer.

Han hugsar veldig godt korleis det var då Frankrike vann VM i 1998, den gong var det Brasil som var motstandaren. -Eg hugsar at vi gjekk ut på gata for å feire. Det var mykje liv og røre.

-Kven er favorittspelarane dykkar?

-Griezmann og Pogba. Og så Mbappè. Alle tre borna er einige i at det er favorittane.

-Mbappè er den yngste på laget, og var ikkje ein gong født då Frankrike vant sist, skyt pappa Jimmy inn.

-Kven trur dykk vinn?

-Vi håpar på Frankrike, seier Melody utan å nøle.

-Eg trur dei vinn, men det kjem til å bli ein tøff match. For 20 år sidan, slo Frankrike Kroatia ut. Det var den tøffaste kampen under heile VM, fortel Jimmy.

Han trur at Kroatia ynskjer å ta igjen etter den kampen.

-Korleis feirar dykk om Frankrike vinn i kveld?

-Vi skal ete is, og kanskje køyre gjennom Ulsteinvik og tute! Men det kan bli litt einsamt, humrar Kieffer.