Ein mann er sendt til sjukehus etter eit slagsmål i Ulsteinvik sentrum natt til søndag.

Han fekk skade i kjevepartiet og måtte hentast av ambulanse.

Ifølgje politiet veit dei kven gjerningsmannen er.

Vitne Vikebladet Vestposten har snakka med fortel at det var to personar involvert i slagsmålet.

Politiet skal etterforske hendinga.