Skrive av Janne Marit Myklebust, Møre-Nytt

Leiar i Møre og Romsdal Sosialistisk Ungdom, Victor Starheim, heldt appell utanfor Volda sjukehus laurdag, då Volda og Ørsta SU, saman med fleire frå Sosialistisk Venstreparti, heldt ein stille demonstrasjon for akuttfunksjonen ved Volda sjukehus.

Volda er definert som akuttsjukehus, men har ikkje gastrokirurgi (kirurgi for mage og tarm) og blautdelskirurgi i helgane.

– Dette gjer at om nokon treng denne akutthjelpa på ein helgedag, så er dei nøydde til å reise heile vegen til Ålesund. Dette er ille nok for innbyggjarane i Volda og Ørsta, men Volda sjukehus er også eit regionalt sjukehus som også har pasientar frå stader som Sande, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid og Nordfjord.

Det har vorte stilt spørsmål om dette i spørjetimen på Stortinget, der helseminister Bent Høie svarte at dette ikkje var hans ansvar.

– Når eit akuttsjukehus ikkje har eit fullverdig akuttilbod, og så seier helseministeren at dette ikkje er hans ansvar? Eg trudde først at han prøvde å åle seg unna ansvaret, men han har faktisk rett. Vi har noko som heiter føretaksmodellen. Denne modellen gir Helse Midt kontroll over sjukehusa, og vert styrt meir eller mindre som ei privat bedrift. Her er Helse Midt leia av eit styre som kan gå rundt helsedepartementet. Dette gjer at når det kjem til å ta ei avgjerd, som kva tenester sjukehuset skal ha, så er til og med helseministeren makteslaus. SV har alltid gått imot føretaksmodellen fordi den gjer at våre folkevalde ikkje kan blande seg inn i slike viktige saker, og i praksis hindrar det folket i å ha ei stemme i dette. Det er viktig at vi står opp, og held fram med å få fokus på denne saka, seier Starheim.

Sjukehuset i Volda manglar berre ein liten del av akuttfunksjonane i helgane.

– Men dette handlar ikkje berre om å gi Volda eit betre akuttmottak. Det handlar om noko større enn berre sjukehuset i Volda. Dette handlar om ein pågåande trend, om sentralisering. Vi har sett at tilboda frå staten har gått meir og meir til dei store byane. Og det som skjer då, er at vi her på bygda vert dømt til å ikkje vere verdt ressursane eller helsetilbodet. Det skjedde i Sogn og Fjordane med vengeklippinga av sjukehuset på Eid, og det skjedde med akuttilbodet her i Volda. Dette er berre ein del av sentraliseringa som har gått føre seg dei siste åra. Vi i SU er fundamentalt imot sentralisering på bekostning av dei mindre stadane. Sjukehuset i Volda er vedteke å vere eit akuttsjukehus, men når du då byrjar å redefinere kva eit akuttsjukehus er, då møter vi på ein skummel trend. Sjølv om du bur på bygda, skal du ikkje vere redd for å verte fråteken dei helsetenestene du fortener.

Stille demonstrasjon: Volda og Ørsta Sosialistisk Ungdom og representantar frå Sosialistisk Venstreparti hadde ein stille demonstrasjon utanfor Volda sjukehus laurdag. Dei ønskjer sju dagar akuttberedskap ved sjukehuset, også for gastrokirurgi og blautdelskirurgi. Foto: FOTO: JANNE-MARIT MYKLEBUST