(NPK-NTB): Det har vore rekordvarmt i store delar av landet så langt i år, og varmen ser ikkje ut til å gi seg. På Austlandet er det meldt opp mot 30 grader den kommande veka.

Det vert sagt at ein dårleg sommar for oss, er ein god sommar for soppen, og motsett. Ifølgje biolog Kolbjørn Mohn Jenssen skaper godvêret no uvanlege tendensar blant soppen.

– Det er verkeleg ingen sopp der ute no, og det er svært unormalt. Vanlegvis på denne tida av året kan du finne blant anna kantarellar og kremler. Men no er det altså ingenting, seier Jenssen til NTB.

Biologen spår at det ser svært dårleg ut for soppsankarar dersom tørken fortset.

– Min spådom er at det kan sjå lovande ut for røyrsopp, men det føreset at det etter kvart blir litt nedbør. Fortset tørken så blir det katastrofalt, seier han.

– Spennande

Sjølv om rekordvarmen skaper bekymring for sopplukkarane, er det derimot meir grunn til begeistring for soppforskaren.

– Dette er jo såpass uvanleg. Ein kan seie at mykologane gler seg, men ikkje plukkarane. Eg må jo seie eg er veldig spent på om vi får sjå nokre sørlege artar som vi elles ikkje ser her, kanskje til og med noko heilt nytt og eksotisk, seier Jenssen.

Biologen har rett nok tips til dei som verkeleg klør etter å finne fram soppkorga allereie no.

– Eg vil anbefale svoltne studentar å leite i parkar eller gravlundar, under eiketrea som er der. Der vert det vatna jamleg og der finst det faktisk masse sopp, humrar han.

Påverkar bærsesongane

Vêret har også skapt unormale tendensar for dei ulike bærsesongane, blant anna jordbærsesongen som snart nærmar seg ein uvanleg tidleg slutt. I store delar av Sør-Noreg er haustinga av jordbæra allereie avslutta.

Molteplukkinga bruker vanlegvis å vere mest vanleg frå august, men i sommar har også den fått ein tidleg start.

– Moltene er modne allereie no, og dei klarer seg rimeleg bra fordi det står på myr og har røter i vatn. Blåbæra er også modne, men litt tørka inn. Bringebær har eg plukka ein del av og dei er veldig søte og gode. Det er kanskje dei som trivst best i denne varmen, meiner Jenssen.

Han spår i tillegg at denne sommaren kan by på eit rekordår for markjordbær.

– Eg har aldri sett så mykje før. Og dei er veldig søte og gode også, så her er det berre å finne fram strå og tre dei på, seier biologen.