På ein natt-tur i Ulsteinfjella fekk den røynde fjellgåaren Arne Flatin og dottera Mathea oppleve noko spesielt.

Dei fekk nemleg kome svært så tett innpå eit røyskattkull. Nyfikne som dei var kom røyskattane ut av bola sine for å kike på dei to fjellgåarane.

Det heile blei fanga på film, og ein av videoane Arne Flatin filma har Vikebladet Vestposten fått løyve til å nytte i denne saka. (Sjå i vindauget øvst i saka).

- Vi kom opp til Sarshornet, og like nedanfor varden er det nokre små holer. Der såg vi fleire røyskattar, mest truleg fem stykk, som sprang fram og tilbake. Vi stod der i rundt fem minutt og kika på dei. Det var ei artig oppleving, seier Arne Flatin og legg til:

- Eg har gått i desse fjella ein del hundre gonger dei siste åra og aldri sett noko slikt som dette.

- Nok så vanleg syn

Flatin fortel at han har lurt litt på kor vanleg det er å sjå røyskatt i fjellet. Akkurat det er noko av det ornitolog og dyrekjennar Alv Ottar Folkestad veit mykje om.

- Det er nok eit ganske så vanleg syn etter kvart, då bestanden av røyskatt har auka dei siste åra, seier han.

- Som ein ser på videoen har Arne og dottera her treft på eit røyskattkull. Røyskatten er som oftast ganske forsiktig, men veldig nysgjerrig. Ein klarer å få ein røyskatt veldig nær dersom ein set seg ned og er roleg. Spring ein mot dei spring dei berre vekk, seier Alv Ottar Folkestad.

Han forklarar at det i gamle dagar var veldig vanleg å sjå røyskatt i naturen på Hareidlandet.

- Men det var før minken kom. For då minken kom på 1950-talet forsvann røyskatten frå låglandet. Men i tida eg har budd på Hareidlandet har det alltid vore røyskatt oppe i høgda. I lange periodar har det vore svært lite røyskatt å sjå i låglandet, ikkje anna enn ved svært sjeldne høve, seier Folkestad.

Han fortel at då han flytta til Selvåg i 1980, var det av og til at ein kunne sjå røyskattspor på vinteren.

- I praksis er det slik at røyskatt og mink ikkje går spesielt godt i lag. Minken tek gjerne røyskatten. Men etter at bestanden av mink gjekk tilbake, samstundes som bestanden av oter tok seg opp igjen, skjedde det noko. Talet på oter her i området tok seg merkbart opp igjen etter at den blei freda på slutten av 1970-talet. Likevel merka ein ikkje mykje av den før ut på 1990-talet, då bestanden hadde blitt såpass stor at den var synleg for dei fleste. Så parallelt med at oteren kom tilbake, gjekk minkbestanden ned til eit minimum. Etter at minken nesten forsvann har røyskatten dukka opp igjen fleire stader. Det er heilt tydeleg at den har klart å overleve, om enn på eit svært lågt bestandsnivå, hovudsakleg i fjellet. Ein har sett røyskatt både på Hareidlandet, Gurskøya og også på Runde siste åra, seier Alv Ottar Folkestad.

Ynglar i veggisolasjon

Folkestad synest det er interessant å sjå rapportane som har kome om at røyskattane gjerne har yngla i hytter på ytre delar av Hareidlandet.

- Ein har sett tilfelle av dette i Midtflødalen og i Fløfjella. Ved Brørevatnet har det vore fleire tilfelle. Røyskattane har laga seg bol i veggisolasjonen i hyttene, seier han.

- Det som også er interessant er at rotta var på langt nær vekke frå Hareidlandet, men at bestanden har byrja å hente seg opp igjen etter at minkbestanden gjekk ned.

Folkestad får også støtt og stadig vite om ekornobservasjonar på Hareidlandet, men han har ikkje så stor tru på at ekorna er tilbake på øya.

- Frå tid til anna kjem det rapportar, ja. Men påfallande ofte blir observasjonane gjort i tilknyting til steinur eller steingardar. Då er det nok heller snakk om at dei har sett røyskatt, og ikkje ekorn, seier han avslutningsvis.