–Då byrjar vi! Ny kamp! Come on! Ropar trenar Odd Arne Seljeset før han held fram: – I dag har vi delt dei inn i lag etter alder. Ungdommane møter dei eldre spelarane. Vi køyrer teknisk trening innleiingsvis, der vi blant anna jobbar med dribling, men vi brukar mest tid på å berre spele.

Lærer av kvarandre

For å kunne halde fram å spele i sjuarserien, er spelarane frå Link viktige for Flø IL. – Vi har hatt spelarar frå Link i 8–10 år, men det har blitt med fleire no det siste halvåret. Dei er med å gi fart til laget. Planen er at alle skal spele for Flø IL. Ikkje alle er klare enda, men fleire er på veg til å bli medlemmar. Circa halvparten av spelarane som trena hjå laget er innvandrarar, fortel Seljeset. Laget har i dag 25 spelarar.

Laget spelar treningskampar for å klargjere seg til haustsesongen. –Det er viktig for meg at vi har god kontakt med dei andre laga i serien. Under treningskampane er planen at mange skal få prøve seg på bana. Då miksar vi dei som har vore med i klubben lenge med spelarane som har blitt med no i det siste.

-Ein del av spelarane har vore med sidan Flø IL vart gjenoppstarta i 1995. Eg trur det er på grunn av det sosiale. Det er rutinerte, gode spelarar, som er gode hjelparar når det kjem til det taktiske, men også elles. Vi har også fått inn ein del lokale ungdommar. Eg trur det er bra å sosialisere seg på tvers av etnisitet og aldersgrupper, seier Seljeset.

Søkte familiegjenforeining med pappa i Ulsteinvik

Rafiullah Rahimi (18) spelte fotball i heimbyen Kabul, i Afghanistan før han kom til Noreg. – Det var ikkje trygt der. Sjølvmordsbombarar sprengde seg sjølv i lufta, eg var redd. Det var difor familien min kom til Noreg.

Han har budd to år i Ulsteinvik. – Eg spelte først på juniorlaget til Hødd, men spelar no for Flø Il. Eg likar at det er folk frå mange land på laget, og det er sosialt. Om det er problem med nokon av spelarane, ordnar vi opp. Det er kjekt å lære av dei som har spelt lengre enn oss, fortel Refiullah.

Toppklubb i Syria

Mostafa Mamo har tidlegare spelt som keeper i den syriske eliteserien. Han måtte etter kvart slutte å spele da den økonomiske situasjonen til familien ikkje tillèt han å trene fem gongar i veka. – Då krigen starta, var ikkje fotball noko vi tenkte på. I 10–15 år har eg hatt eit opphald frå fotballen, fortel han.

I dag er han endeleg tilbake i mål, som keeper for Flø IL. – Det er kjekt å ha tid til å spele fotball att, og eg trur vi på laget kan byggje eit godt venskap, fortel Mamo.

Nye landsmenn

–Det viktigaste er meistringskjensle, sosialisering, aksept og tilhøyrsle. Det at dei blir vener som pratar også når dei møtes utanom fotballbana. Målet er at det skal vere ei form for integrering for dei som er med, og at alle skal gle seg til å kome på trening. Somme har temperament, det blir litt kjefting, men so er dei kompisar att etterpå. Stort sett har dei det kjekt i lag, fortel Odden.

–Vi tenkjer ikkje så mykje prestasjon som tidlegare. Dei som er ute på bana skal sjølvsagt gjere sitt beste heile tida, men vi toppar ikkje laget. Her er det viktigaste at alle skal få moglegheita til å spele nokon lunde likt. Det er eit prinsipp vi arbeidar etter. Men det har gått fint! Laget har prestert bra, og sanka mykje poeng. Samtidig føler alle at dei bidreg. Det er det som er kjekt for dei, og som dei veks på. Mange frå Link var med å spele mot Hjørungavåg førre veke, då vant vi 15-5, fortel trenaren stolt.

Seljeseth meiner det er lettare å lukkast andre stadar også, når ein gjer det bra i fotballen.

Odd Arne Seljeset meiner at det å gjere andre glad, er den største gleda ein kan ha. For han handlar fotball om kameratskap, relasjonar, og det å ha ein felles møtestad. Foto: Emily Louisa Millan Eide
Rafiullah Rahimi fylgjer med frå sidelinja i dag, fordi han skada seg under førre kamp. Han spelte fotball i Afghanistan, før han kom til Noreg, og likar seg godt i Flø IL. Foto: emily louisa millan eide
Har spelt for toppklubb: Mostafa Mamo vart oppdaga av Flø IL under ein kamp der foreldra spelte mot borna sine i Ulsmohallen. Han stod i mål, og imponerte dei som var til stades. Foto: privat