– Eg vil vel seie det slik at omega-3 har vorte min «passion», seier Leiv Bjørndal. Den pensjonerte legen fortel at han har teke omega-3-tilskot i tjue år.

– Gjennom mine år som allmennlege og bedriftslege var eg oppteken av å drive førebyggande helsearbeid, fortel han.

Saman med Jarl André Andersen, Arnt Skinnes og Silje Urke Antonsen danna Bjørndal i fjor selskapet Dr. Choice.

Nyleg sende dei første leveranse til ein kunde i Kina.

Nyresvikt

Sjøkaptein Arnt Skinnes har kjent både Andersen og Bjørndal i mange år, og det var han som samla gruppa. Han har nyresvikt og gjekk for nokre år sidan til lege Bjørndal.

– Då hadde sjukehuslegane sagt at eg måtte ha ny nyre i løpet av eit par månader. Bjørndal foreslo omega-3, og eg vil seie det så sterkt at det har utsett nyretransplantasjonen med tre år. Eg har i alle fall merke ein utruleg helsegevinst, seier Skinnes.

Korleis har du merka effekt?

– Det eine er det med nyrene, det andre er at kroppen ikkje er så stiv lenger. Og så må eg oftare til frisør, for håret veks raskare, ler han.

Kosthald og livsstil

Av dei to andre blir Leiv Bjørndal trekt fram som ein av legane i landet med mest kunnskap om korleis omega-3 kan påverke folkehelsa.

– Det er slik at nitti prosent av sjukdomar kjem på grunn av livsstil, berre ti prosent er genetisk. Forsking viser at det vi et, er med på å starte kreft, hjarte- og karsjukdomar, nevrologiske og revmatiske sjukdomar og sjukdomar som Alzheimer, seier han, og held fram:

– Det blir kronisk betennelse i kroppen vår, og dei blir skapt av sukker, fint mjøl og omega 6. Det siste finst i raudt kjøt og planteolje. Omega-3 dempar desse betennelsane og dempar såleis sjukdom, seier han.

Men det er vel ikkje skulemedisin du formidlar no?

– Nei, det er førebels ikkje skulemedisin. Men vi ser no at helsestyresmaktene fleire stader i verda rår til at dette veldige misforholdet mellom omega 6 og omega-3 må jamnast ut, seier Bjørndal.

– Ja, og det er vel ikkje utan grunn styresmaktene i Shanghai gir alle nyfødde gratis forbruk av omega-3 i seks månader, seier Arnt Skinnes.

Ansjos frå Chile

Oljen i kapslane vert produsert i Brattvåg, medan kapslane vert laga hos Pharmatec i Fredrikstad. Oljen vert laga av ansjos frå Chile, som har eit høgt nivå av omega-3.

Og i tillegg til trioen som møtte Vikebladet Vestposten før helga, er Silje Urke Antonsen med i selskapet. Ho skal bidra med salet av kapslane på nett.

– Vi er optimistiske og meiner at det no er rett tid å satse på eit slikt produkt. Produkta er allereie å få kjøpt i meir enn ti butikkar, mellom anna hos Sunkost i Ulsteinvik, Ørsta, Stryn og Førde., seier Jarl André Andersen.