Ein tredel av dei som tok Båtførarbeviset i første halvår 2018 var kvinner. Kvinnedelen har auka betydelig fra året før, men samtidig viser statistikken at det totalt vert skrive ut færre båtførarbevis enn tidligere år.

Det opplyser Sjøfartsdirektoratet.

Til saman var det om lag 12.000 personer som tok Båtførarbeviset første halvår i år. Av desse var 4.744 kvinner, viser tal fra Norsk Test AS, som administrerer ordninga med båtførerbevis på oppdrag frå direktoratet. Det gir ein kvinnedel på 32,7 prosent, ein auke frå 30,2 prosent i same periode i 2017.

Fungerende sjøfartsdirektør Lars Alvestad synest det er beklagelig at statistikken totalt viser ein synkande tendens.

– Vi meiner det er viktig at alle som fører ein fritidsbåt skaffer seg best mulig kompetanse. Samtidig er det gledelig at kvinnene tar roret, då det viser seg at dei i dei fleste tilfelle kan være bedre båtførere enn dei mannlige, seier Alvestad.

Medan det i første halvår 2016 blei skrive ut om lag omkring 16.500 båtførerbevis, ble det en tydelig nedgang til ca. 12.000 for første halvår 2017 og omtrent det same talet for 2018.

Pensum til båtførerprøven skal ha blitt litt vanskeligere etter ei justering fra 1. januar 2017. Strykprosenten gjekk opp i denne perioden. Også vêret spelar inn. I fjor var det kaldare og meir vind, som påverkar mange av førarane av litt mindre båtar.

Sjølv om Båtførarbeviset berre er obligatorisk for dei som er fødd etter 1. januar 1980, har mange som er fødde før denne datoen også funne det nyttig å ta båtførarprøven. Men også talet på bevis til personar i denne aldersgruppa viser ein jamn synkande tendens