Tre menn og ei kvinne frå Ulsteinvik står bak selskapet Dr. Choice, som skal produsere og selje omega-3-kapslar.

Pensjonert lege, Leiv Bjørndal, eig selskapet, saman med Jarl André Andersen, Arnt Skinnes og Silje Urke Antonsen.

Bjørndal fortel at omega-3 har vorte hans lidenskap:

Kunde i Kina

Dr.Choice vart danna i fjor, og før jul var ein potensiell kunde frå Kina på besøk i Ulsteinvik.

– Ting tek tid, men nyleg sende vi første leveranse til dennen kunden, fortel Jarl André Andersen.

Han jobbar i skumplastprodusenten Recticel og er med i selskapet fordi han har tru på produktet og har kontaktar over heile verda.

– Eg har vore mykje i Kina. Og der har eg oppdaga at kinesarane er mykje meir opptekne av omega-3 enn det vi nordmenn er. Du kan ha med deg vin eller laks, men omega-3 er bankers å gje i gåve til kineserar. Og prisnivået for norsk omega-3 i Kina er veldig høgt, seier Andersen.

Ansjos frå Chile

Oljen i kapslane vert produsert i Brattvåg, medan kapslane vert laga hos Pharmatec i Fredrikstad. Oljen vert laga av ansjos frå Chile, som har eit høgt nivå av omega-3.

Og i tillegg til trioen som møtte Vikebladet Vestposten før helga, er Silje Urke Antonsen med i selskapet. Ho skal bidra med salet av kapslane på nett.

– Vi er optimistiske og meiner at det no er rett tid å satse på eit slikt produkt. Produkta er allereie å få kjøpt i meir enn ti butikkar, mellom anna hos Sunkost i Ulsteinvik, Ørsta, Stryn og Førde., seier Jarl André Andersen.

kapslar: Dei som står bak Dr. Choice har står tru på produktet. Nyleg leverte dei kapslar til ein kunde i Kina. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem