(NPK-NTB): Tre år på rad har dei 80 folkehøgskulane sett nye elevrekordar. Nyleg avslutta 7.700 elevar folkehøgskuleåret sitt. Ifølgje sosiologiprofessor Marit Haldar ved OsloMet kjem av det høge talet skule- og eksamenspress.

– Det å skulle bli målt og vurdert i det meste, har bevegd seg lenger og lenger nedover i skulesystemet. Nokon opplever å ha prøver nesten kvar dag, og på barneskulen ser ein ungar som ønsker seg karakterar. Slik merksemd kan skape stress. PISA-sjokket rammar ikkje berre dei svakaste. Dei flinkaste elevane får flinkheitssjukdommar, meiner Haldar.

Professoren trur det er den karakterlause delen av folkehøgskulen som gjer det så attraktivt.

– Mange ungdommar har godt av eit pusteår etter vidaregåande. Dei slit med å finne ut kva dei vil, og klarer det ikkje ordentleg utan å ta ein «timeout» først. Sidan folkehøgskule er utan karakterar, gir dei elevane moglegheita til å fordjupe seg i noko dei er interessert i. Det kan gi ungdommane tilbake lysta på å lære meir, seier Haldar.

I dag går det 20 prosent fleire elevar på folkehøgskular enn det gjorde for ti år sidan. I eit årskull utgjer elevar på folkehøgskular 11 prosent, noko som er omtrent like mange som i Forsvarets førstegongsteneste.