(NPK): Ifølgje Fiskeridirektoratet er det ei stor overvekt av utanlandske turistar som fiskar for nær oppdrettsanlegga langs kysten.

– Det er ikkje dei lokale fritidsfiskarane som ligg for nært anlegga. Dei held seg unna, dei veit dei kan bli identifiserte, seier seksjonssjef Ruth Kjempenes i Fiskeridirektoratet Region Midt til NRK.

Det er forbode å fiske nærmare enn 100 meter frå bøyene til oppdrettsanlegga, og helst skal ein vere endå lenger unna.

Å fiske rett ved ein merd kan gi store miljøskadar. Fiskeutstyr kan setje seg fast i anlegget og føre til at fisk rømmer.

Fiskeridirektoratet har ikkje moglegheit til å gi sanksjonar til vanlege folk, derfor politimelder dei ulovleg fiske.

Torgeir Strand Fjelneset, driftsleiar ved Salmar farming Storskjæret, er glad for at både politiet og kystvakta er i området for å halde kontroll.

– Det hjelper når kystvakta er her og gir bøter. Det er tydeleg at det ryktet spreier seg, seier Fjelneset til NRK.