Ved Flø Feriesenter er det business as usual for Eldar Stein Flø og medarbeidarane hans.

Det at store delar av handlinga i NRK-serien «Heimebane» går føre seg i Ulstein og at ein av karakterane, Adrian Austnes, til og med er busett ute på Flø, har ikkje dratt ein einaste turist ut til havgapet, så vidt Eldar Stein har registrert.

– Dei fleste av dei som bur her har bestilt plass for lenge sidan, lenge før «Heimebane» kom på lufta. Vi har også ein stor del utanlandske turistar, mange av dei kjem att år etter år, som ikkje kjenner til tv-serien i det heile.

Eldar Stein trur ikkje «Heimebane» vil ha nokon vidare effekt reint reiselivsmessig.

– Til det er det for mange garderobe-scener, seier han.

Mange har trekt parallellar til tv-serien «Himmelblå», som verkeleg sette øya Ylvingen på turistkartet, og til Ulsteinvik og «Heimebane».

– «Himmelblå» var ein heilt anna type serie, der landskapet og nærmiljøet utgjorde ein større del av serien. Mange av dei norske gjestene våre har sjølvsagt fått med seg at «Heimebane» er spelt inn i området her, men det er ikkje difor dei kjem til Flø, seier Eldar Stein. Han fortel at dei fleste tykkjer at det er ein bra tv-serie og nokre har også spurt om kvar huset som karakteren Adrian Austnes bur i, ligg.

Noko som har hatt innverknad på trafikken er opninga av Kvivsvegen.

– Vi har mange fleire tilreisande frå Nordfjord enn tidlegare, fortel Eldar Stein.

Talet på norske bubilturistar har også skote i vêret dei siste åra.

Flø Feriesenter hadde sin første sesong i 1990. I løpet av desse åra har talet på utleigehytter auka frå seks til åtte, noko Eldar Stein meiner er et passande tal.

– Vi kunne sikkert har fylt opp fleire hytter, men vi er nøgde med det nivået vi ligg på no.