(NPK-NTB): Den verste tørken på over 50 år rammar no store delar av norsk landbruk, åtvarar Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding.

Dei to bondeorganisasjonane meiner konsekvensane for norsk matproduksjon kan bli dramatiske. Derfor ber dei regjeringa om å vedta ein krisepakke for norsk landbruk.

– Det er ein prekær situasjon for norsk landbruk med tørke og fôrmangel. Det tørre og varme vêret held fram og det må konstaterast at vi no er i ein krisesituasjon, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Tørken er særleg omfattande på Aust- og Sørlandet, men også Rogaland og store delar av det andre Vestlandet og Trøndelag er ramma.

– Åker og eng står brunsvidde. Bønder fortvilar – det går på psyken laus. Det er ein fortvilt situasjon som til sjuande og sist handlar om matforsyninga vår. Det den enkelte bonde kan stille opp med strekk ikkje til i den situasjon vi no er i, seier leiar Merethe Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har allereie invitert bondeorganisasjonane til eit møte førstkommande måndag for å diskutere tørken.