(Fjordingen): Som Fjordingen har omtalt tidlegare, i ei sak som også Vikebladet Vestposten har publisert på sine sider, har Atle Garnes utstyrt hytta si på Rosetmarka med eit Jets Vakuumtoalett som nyttar 0,5 liter vatn pr. skyljing i staden for 6 liter vatn som eit vanleg konvensjonelt vassklosett. I tillegg har han ein romsleg tank på heile 5.000 liter.

– Med vår bruk av hytta vil tanken bli full i løpet av tre til fire år. Eg forstår ikkje kvifor vi då er tvunge til å betale for tømming kvart år, seier Atle Garnes frå Eiksund i Ulstein.

For årleg tømming må Garnes betale 4712,50 kroner i året.

Klaga får ny behandling i august

Garnes har foreslått ei minneleg ordning med kommunen med tømming annakvart år, utan at dette har ført fram.

Teknisk etat i Stryn kommune seier at dei forstår at årleg tømming kan slå uheldig ut for nokre, men vil berre gi tømming annakvart år til dei med tette tankar på 9.000 liter.

Saka er klaga på nytt og skal få ny handsaming i august.

– Kva miljøomsyn er det i å tømme ein kvart full tank kvart år, spør Garnes som no har fått fagleg støtte i saka som og vart publisert både i Sunnmørsposten og i Vikebladet.

Betalar i realiteten mykje meir

Ecomotive AS, som er eit innovasjonsselskap i Jets-gruppa, har engasjert seg i saka. Dei arbeider med forsking og utvikling av vass- og avløpsløysingar og meiner at Garnes sin tank på 5.000 liter i kombinasjon med Jets-løysing, har kapasitet som ein tank på 20.000 liter med eit vanleg vassklosett.

– Samanlikna med dei som betaler avgift for å få dekt eit reelt behov kvart år, betalar Garnes nesten fire gongar meir enn den reelle bruken fordi han har investert i ei ressurs- og miljøsparande løysing. Kommunen straffar her dei som har valt ei miljøsparande løysing, seier dagleg leiar i Ecomotive AS, Ottar Håkonsholm.

– Bør stimulere til satsing på miljøsparande løysingar

Håkonsholm forstår kommunen si utfordring med å lage eit godt regelverk.

– Men som samfunn bør vi ha som mål å utvikle regelverk som stimulerer, og ikkje motverkar teknologiutvikling og satsing på ressurs- og miljøsparande løysingar. Det reelle behovet bør alltid vere den saklege rettesnora, seier han.

– Kjekt med fagleg støtte i dette spørsmålet. Eg meiner vi har ei god sak, så får vi sjå korleis det går, seier Atle Garnes til Fjordingen.

Denne saka blei først publisert av Fjordingen. (Ekstern lenkje).