(NPK): - Vi ser ei aukande interesse for dyrking av algar i Noreg, blant anna ved at folk tek kontakt med oss. Nokre lurer på å starte opp med dyrking av algar, og har spørsmål om korleis dei kan komme i gang, seier seniorforskar Jorunn Skjermo ved Sintef Ocean til Tekfisk.

I 2014 vart det gitt 54 løyve til å dyrke algar i Noreg. I 2017 hadde dette auka til 309 løyve.

- Ved utforminga av søknadene må ein oppgi kor mange artar ein vil søkje om løyve for. Det er likevel usannsynleg at ein vil klare å dyrke alle artane det vert søkt om, då det førebels manglar dyrkingsmetodikk for mange av dei. Men det kostar like mykje om ein søkjer om å få dyrke ein eller førti artar. Søkjarane vel derfor å ta med fleire artar i søknaden i staden for å måtte levere fleire søknader seinare, forklarar Skjermo.

Brorparten blir til mat

Tal frå Fiskeridirektoratet viser at det ved utgangen av 2017 var tildelt 55 tillatingar til sukkertaredyrking og 52 tillatingar til butare. Det var også gått 42 løyver til dyrking av raudalgen søl. Den fjerde arten som er spesifisert med tal på løyve i 2017, er fingertare. Førebels er det såvidt gjort dyrkingsforsøk på denne arten i Noreg.

Det meste av taren som vert dyrka her i landet går til mat. Berre ein liten del går til fôr, skriv Intrafish.