Trelast AS signerte før helga handgjevingsavtale med to grunneigarar på Hareid, med tanke på å kjøpe og regulere om to område som ligg nære kvarandre sentralt på Hareid til bustadfelt. Områda handgjevingsavtalane gjeld ligg på Brekkane og Rima, og er høvesvis 14 mål og mellom ni og ti mål store. Områda ligg ikkje så langt frå Hareid sentrum, på andre sida av fylkesvegen frå ungdomsskulen og Jets.

Dagleg leiar i Trelast AS, Terje Giskeødegård Balsnes, fortel at han og dei andre i selskapet ser spent på prosjektet.

– Om det får namnet Rima og Brekkane bustadfelt, eller omvendt, har vi ikkje kome fram til enno. No har vi først ein ganske omfattande prosess framfor oss, og vi er godt i gang med arbeidet, seier Giskeødegård Balsnes.

Kommunen er på banen

Som fortel at ein gjennom handgjevingsavtalane har blitt einige med grunneigarane kring ein kvadratmeterpris, og at Trelast AS no har eit års tid på å prosjektere. Han fortel at dette vil bli selskapet sitt største prosjekt nokosinne, og at dei no ventar på møte med kommunen.

– Hareid kommune er allereie på banen, og vi er kalla inn til møte med dei over ferien. Det er viktig for oss at ein så snart som råd får regulert om området til bustadfelt, og signala vi har fått frå kommunalt hald indikerer det. Først var det snakk om å regulere om Brekkane-området til bustadfelt, men no har vi også sikra oss Rima-området, noko som vil tilføre Hareid fleire sårt trengde bustadtomter, seier Terje Giskeødegård Balsnes.

Trelast AS byggjer i dag for det meste på andre sine tomter. Bruland-området var selskapet ferdige med for nokre år tilbake, og Eliasmarka-området er snart fullført.

– Enormt behov

Som Trelast-leiaren og mange andre har gitt uttrykk for siste tida, er det stor etterspurnad etter ledige tomter i Hareid.

– Ja, definitivt. Her er eit enormt behov slik vi ser det. Det kostar ein del pengar å utvikle eit bustadfelt, men vi er klare for å kome i gang, og vil med det både sikre oss sjølve omsetning, men også sikre Hareid gode, sentrale og attraktive bustadtomter, seier Giskeødegård Balsnes.

Selskapet ser føre seg å utvikle fleire einebustadtomter, men også fleire tomter til andre typar bygg, slik som til dømes tomannsbustader.

– Vi ønskjer å vere ein samfunnsaktør vi også, og vi ønskjer å gjere vårt for å utvikle Hareid kommune. Vi er patriotar, og ønskjer å gje vårt bidrag. Det er veldig leit at det kjem folk til kommunen vår og ikkje finn seg plassar å bu. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Terje Giskeødegård Balsnes.

Det er framleis nokre ting som må avklarast, til dømes kor stort område på Brekkane kommunen ønskjer til ei eventuell utviding av barneskuleområdet.

– Kommunen har bandlagt eit område på Brekkane som ligg nærmast inntil dagens skuleområde, og det blir viktig for oss å vite kor mykje av dette kommunen eigentleg ser føre seg at dei treng. Men vi kjem nok fram til ei god ordning, seier Giskeødegård Balsnes.

Han fortel at det nok kanskje er litt optimistisk å tenkje fyrste spadetak i 2019, sjølv om det er det selskapet jobbar for.

– Mest truleg vil det skje i slutten av 2019, eller starten på 2020. Vi siktar oss inn mot det, så får vi sjå kor raskt prosessen går, seier Terje Giskeødegård Balsnes til slutt.

Her ser ein Rima-området, som Trelast også ønskjer å utvikle til bustadfelt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.