Norges største Varg-fan?

– Eg diggar Varg IL og «Heimebane»

Det seier 14 år gamle Magnus Thobro Bergheim frå Kristiansand. Saman med mor og far reiste han eins ærend til Ulsteinvik for å sjå staden der det fiktive «Heimebane»-laget Varg IL kjem frå.

Norges største Varg-fan? 14 år gamle Magnus Thobro Bergheim var heilt klar på kvar turen skulle gå då pappa Svein og mamma Elisabeth spurde kvar han ville reise i årets sommarferie. – Vi måtte i alle fall innom Ulsteinvik, utan tvil, seier kristiansandaren. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

– Vi køyrde ut til Flø og fann huset til Adrian Austnes (spelt av Axel Bøyum), vi fann Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) sitt hus og meiner på at vi såg kvar Michael Ellingsen (John Carew) bur. Så prøvde vi å komme oss inn på restauranten dei er på i serien, men det bygget blir visst brukt til noko heilt anna til vanleg. Eg veit jo at det er andre folk som bur der til kvardags, men det er kjekt å ha sett nokre av stadane der serien har blitt spelt inn – på ekte. Eg diggar «Heimebane» og Varg, seier Magnus.