- Det er trist å sjå at nokon øydelegg på denne måten når vi prøvar å lage det fint til i sentrum, seier Greta Flø.

Då ho kom på jobb var to store krukker knust. Mold og blomster låg strødd utover i Blåhus-passasjen der butikken ligg.

- Prisen på ei slik krukke er rundt 700 kroner per stykk. I tillegg har dei øydelagt alle blomstrane som stod oppi, seier Greta.

Denne føremiddagen er ho åleine på butikken, og det går fort ein times tid å få rydda opp alt rotet.

- Eg trur dette må ha skjedd seint på natta ein gong. Viss nokon veit eller har sett noko, må dei gjerne ta kontakt, seier Greta.