Det britiske polare forskingsskipet RRS «Sir David Attenborough» blei sjøsett ved skipsverftet Cammell Laird i Liverpool, England, laurdag for ei og ei halv veke sidan. Fartøyet er av Rolls-Royce-design, nærmare bestemt UT 851 PRV (Polar Research Vessel), og får truleg til slutt ein prislapp på rundt 230 millionar britiske pund (2,46 milliardar kroner). Rolls-Royce Marine signerte i januar 2016 ein kontrakt til ein verdi av 30 millionar britiske pund for design og utstyr til forskingsfartøyet, som når det er heilt ferdig skal eigast av Natural Environment Research Council (NERC) i Storbritannia. Dagens verdi på denne kontrakten kan sjølvsagt ha blitt noko større, alt ettersom kva for endringar som har blitt gjort i etterkant.

– Viktig prosjekt

Store delar av denne pakken er det avdelingane til Rolls-Royce i Hjørungavåg og Ulsteinvik som leverer. Vikebladet Vestposten møtte i førre veke mannen som er Rolls-Royce Marine sin prosjektleiar på RSS RRS «Sir David Attenborough» til ein prat på anlegget i Hjørungavåg. Lars Alv Haugen og mange av kollegaene hans har jobba utrøytteleg dei siste åra med dette storprosjektet. Haugen og fleire med han var til stades på verftet då båten fekk vatn under kjølen.

– Det er veldig mykje folk her lokalt som er involverte i dette prosjektet. Men dei fleste andre avdelingane våre i Norge er også med på det. Alt i alt er dette eit viktig prosjekt for oss, seier Haugen.

Rolls-Royce leverer ein stor navigasjons- og automasjonspakke, ein propulsion- og maskinpakke, heile det elektriske distribusjonssystemet, ein stor batteripakke, ror- og styremaskin, ein vinsjpakke – med spesialkonstruerte vinsjar til forsking på alle verdas havdjupner, og ein komplett designpakke. Hovuddesignar på bygget er nederlandske Erik Leenders i tett samarbeid med Einar Vegsund, som har kontorstad i høvesvis Hjørungavåg og Ålesund.

– Ein modell i liten skala har blitt testa på å bryte is, i eit spesielt tilrettelagt testbasseng i Hamburg. Eit testbasseng der ein klarer å få til ein nok så nøyaktig test, i korrekt storleiksforhold. Testen viste at båten vil klare seg godt i dei barske forholda den vil møte i polare strok, seier Lars Alv Haugen.

«Boaty McBoatface»

Rolls-Royce Marine i Norge, som no blir kjøpt opp av Kongsberg, har mange prosjekt på gang. Men det britiske polare forskingsskipet RSS RRS «Sir David Attenborough» er definitivt blant dei fartøya som blir løfta fram, og som betyr ekstra mykje for aktørane som er involverte i prosjektet.

Ikkje alle grunnane til akkurat det har blitt sett så stor pris på tidlegare. Men, med tida har den famøse namnekonkurransen som blei gjennomført blitt noko dei fleste kan sjå tilbake på og dra på smilebanda av. Konkurransen enda nemleg opp med at publikum stemte fram «Boaty McBoatface» som det nye namnet på fartøyet. Sjølv om namnet vann, sette til slutt Minister for Universities and Science, Jo Johnson, foten ned. Han meinte skipet heller skulle få det meir passande namnet RSS RRS «Sir David Attenborough». Likevel blei ikkje det artige namnet gløymt, for hovud-ROV’en (Remote Operated underwater Vehicle/miniubåt) om bord på skipet vil nemleg få namnet «Boaty McBoatface».

– Dette tok jo heilt av på eit tidspunkt. Det var jo veldig artig då dette med namnekonkurransen stod på, men det vi ser er at skipet i seg sjølv også får mykje fokus retta mot seg. Mykje meir enn vi kanskje forstår. Då vi var på sjøsetjinga såg vi tydeleg kor stor betyding denne båten har i Storbritannia.

Sir David Attenborough (92) sjølv var til stades for å tale og trykke på knappen som sette i gong sjøsetjinga.

– Det var heilt tydeleg at dette er ei stor ære for han. Det gav han klart uttrykk for i talen sin. Han er oppteken av at denne båten vil ha sitt hovudoperasjonsområde i Antarktis, både som forsyningsskip til dei landbaserte basane i Antarktis, eit område på kloden som meir og meir viser seg som svaret på korleis klimaet på heile Jorda utviklar seg. Men viktigast av alt er at det blir verdas mest avanserte forskingsskip, seier Lars Alv Haugen til slutt.

Sir David: Her talar ingen ringare enn Sir David Attenborough sjølv framfor skipet som har blitt kalla opp etter han, like før han sjøsette det ved å trykke på ein knapp. Foto: Peter Byrne/PA Photos. Foto: Peter Byrne
Sjøsett: For ei og ei halv veke sidan blei forskingsskipet sjøsett ved skipsverftet i Cammel Laird i Liverpool, England. Foto: BAS.