Barnehagestart 2018

Vil skape trygge rammer

Neste veke byrjar eit nytt barnehageår. Mange barn skal ta sine aller første steg inn i eit nytt miljø. Barnehagestart er ein overgang for både barn og foreldre.

Trygt fang: Penelope Røren (1,5 år) har funne seg godt til rette i Høddvollbarnehagen. Her leikar ho saman med pedagog Karen Inger Kvamme.  Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Nyhende

– Vi ønskjer å bruke god tid og vere nær barna slik at dei føler seg trygge. Vi er saman med dei på golvet og syng mykje i lag med dei, seier Karen Inger Kvamme (33) som er pedagog i Høddvollbarnehagen.