Fann jakke på 50 meters djupn

Kompisgjeng frå Hareid med uvanleg fangst på kroken.

André Nupen drog opp jakka, Roy-Inge Brandal gav ho ein kropp.   Foto: Kim-Tore Husøy

Nyhende


Onsdag kveld, i brandalsstranda. Kim-Tore Husøy, Roy-Inge Brandal og André Egset Nupen er ute på fisketur, utan resultat. Gjengen skal til å kaste inn handkleet i det André endeleg får napp. Adrenalitet brusar. Fisketuren er redda! «Dokke må legge frå dokke troene, dokke må legge frå dokke troene!», brøler André. Fiskestonga er nemleg uvanleg tung å dra i; så tung at Kim-Tore må halde stonga medan André sveivar på harde livet. Så hardt må han sveive at Roy-Inge til slutt må inn og ta over. Fisken er endeleg på veg til overflata.

- Ho bar preg av å ha liggje lenge i sjøen, fortel Roy-Inge Brandal.

Han snakkar om fangsten, som ikkje var eit måltid, men eit plagg. Frå 50 meters djupn hadde dei drege opp ei gammal jakke.

- Vi hadde eit håp om det kunne vere ei jakke frå krigens dagar, men då vi skylte vekk skiten såg ikkje det  ut til å vere så realistisk. Kanskje viss du la godviljen til, så kunne ein seie at det var tyske striper på den jakka, men nei. Det har sikkert vore ei bra fiskejakke, seier Brandal, som la ut denne kunngjeringa på Facebook:

«Jakka med lekker glans og nokon fine detaljer, deriblant eit par småfrekke striper på skuldra og erme. To lag med glansstoff og eit mellomlag med porolon. Innholdet i lommene er dessverre smuldra bort. Kimmen trur at jakka mogeleg må gjennom ein rens! André var den som fiska den, og Roy var mannekeng. Kan hentast mot ei klekkeleg finnarlønn til alle tre!»

Brandal har også tidlegere fått rare ting på kroken i området rundt Aasen bil-demontering.

- Eg har fått ein ullragg på kroken ikkje langt unna der vi var, fortel han.

- No manglar du berre ein underdel, så er garderoba komplett?

- Hehe. Det må vere noko spesielt med  det området der.  Eg har aldri fiska opp klesplagg andre stader.