Hødd G16 vann finalen i B-sluttspelet

Fredag kveld vann Hødd 7-3 over Charlottenlund i finalen i B-sluttspelet.
Nyhende

Heilt i starten av kampen skora Charlottenlund 2 mål, men Hødd-gutane gjennomførte ein imponerande snuoperasjon og vann til slutt 7-3.

Dei vann dermed finalen i B-sluttspelet.

Akkurat no speler Hødd J19-laget seminfinale mot Stord i A-sluttspelet.

Kampen starta 19:30, og det vert spennande å sjå om Hødd-jentene klarer å sikre seg finaleplass.