Fjord1 vil ha tøffare miljøkrav frå staten

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 meiner politikarane er for forsiktige med å stille krav til miljøomstilling.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 meiner politikarane er for forsiktige med å stille krav til miljøomstilling. Arkivfoto: Kjell Åsmund Sunde / NPK 

Nyhende

– Ferjenæringa er eit godt døme på korleis ein omstiller seg når krava kjem. Vi fann dei miljøvennlege løysingane, etter at Statens vegvesen stilte anbodskrav som tvinga oss til å gjere det. Det er eit gode at staten pressar på for å få fram nytenking. Teknologien er der, og hadde staten kravd nullutslepp frå ferjeflåten endå raskare enn det blir gjort, ville det gått fint, seier Neteland til avisa Firda.

Neteland meiner det må vere naturleg for staten å utfordre andre bransjar til grøn omstilling.

– Det bør liggje godt til rette for at til dømes oppdrettsnæringa elektrifiserer fôrbåtar og andre fartøy. Det same gjeld lokale båtruter, seier reiarlagsleiaren.