Hødd J19 vann bronsefinalen

HøddJ19 sikra seg bronsen i A-sluttspelet i Norway Cup. Anna Nygård Thunem scora etter 69.minutt. - Det var heilt fantastisk! fortel Anna som no kan feire bronsen i lag med Hødd-jentene.
Nyhende

Etter 69 minutt scora Annna Nygård Thunem for Hødd.
Hødd slo dermed Utleira 1-0.

- Eg stod litt framfor midtbana og skulle eigentleg skyte ei langpasning, men så spratt ballen i bakken og så i mål, fortel Anna Nygård Thunem.
Den 18 år gamle jenta som opphaveleg kjem frå Fiskå i Vanylven, sikra dermed sigeren til Hødd.

- Det var ein jamn kamp med sjansar til begge lag.
Vi bomma mellom anna på ei straffe i andre omgang, så dermed var det ekstra godt å sikre sigeren mot slutten av kampen, seier Anna.