Trafikkulukke i Kvalnestunnelen

Natt til laurdag var ein bil med fem personar involvert i ei ulukke i Kvalnestunnelen.
Nyhende

Rundt klokka 3 på natta måtte naudetatane rykke ut.

Politiet melder at dei involverte vart sende til legevakta for sjekk, 
og at det truleg er snakk om lettare personskadar.

Det er store materielle skadar på bilen.
Førarkort er beslaglagt, og det vert oppretta sak.

I følgje politiet sin operasjonssentral er det ikkje mistanke om promille.
Bilen har truleg fått ein sladd og deretter hamna inn i tunnelveggen.
Bilberging var relativt raskt på plass.