Når vert gangvegen ferdig?

Det spørsmålet er det nok fleire som har stilt seg.

  Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Nyhende

Dersom du skal gå eller sykle frå Skeide og Ulstein til sentrum av Ulsteinvik eller omvendt, vert du møtt av ein halvferdig gangveg på strekninga som ligg nær Halsesvingen. Det er 50-sone på strekninga som går ved sida av gangvegen som skal kome, men vegen her er relativt smal. 
- Denne gangvegstrekninga er no ute på anbod. Om alt går etter planen, så skal gangvegen vere ferdigstilt innan 15.november i år, opplyser assisterande rådmann Verner Larsen i Ulstein kommune.