Politiet skreiv på twitter like før klokka ni i kveld (måndagskvelden) at naudetatane hadde rykka ut til brann i eit hus i Sjøgata. Dei presiserte like etter at det var snakk om eit bål som brenn ved sidan av eit hus.

Møre og Romsdal 110 skriv at Ulstein Brannvesen tykte ut på melding om flammar frå eit låvetak i området Osneset. Då dei kom fram viste det seg at bålbrenning var årsaka, og at brannvesenet returnerte.