Er den tørre sommaren over?

Slutten av juli baud på sol og temperaturar rundt 30 grader. I august vart det ein brå overgang til regn og rundt 15 grader.
Nyhende

I følgje langtidsvarselet kan vi vente oss ein meir ustabil vêrtype denne veka. Yr.no har heilgardert seg med å setje både sol, sky og regn på varselsymbola. Fram mot helga er det meldt temperaturar rundt 14 grader.

Leif Arne Grimstad har sendt oss ei oversikt over nedbøren på Sunnmøre i tidsrommet mellom januar og juli.

Tørkeåret 2018 har slått hardare til i indre strøk av Sunnmøre enn ytre, viser Meteorologisk Institutt sine målingar på Vigra og i Tafjord dei sju første månadene av 2018.

Den viser at Vigra har hatt 68,3 % og Tafjord 53,2 % av normalen.

Medan den havnære stasjonen på Vigra fekk 68,3 % av normalnedbør i denne perioden, kom det berre 53,2 % av normalnedbør i fjordbygda Tafjord.

Vigra målte 381,1 mm nedbør dei sju første månadene av 2018. Mot normalt 558,0 mm.

I Tafjord fall det 237,8 mm nedbør i perioden, mot normalt 447,0 mm.

På Vigra hadde berre juni månad meir nedbør enn normalt. Då fall det 72,4 mm, mot normalt 65,0 mm.

I Tafjord har samtlege sju månader gitt mindre nedbør enn normalt.

Størst avvik frå normalen på Vigra hadde februar og juli. I februar fall det 34,4 mm. nedbør mot normalt 88,0 mm, medan juli hadde 35,2 mm (normalt: 83,0 mm).

I Tafjord avveik februar klart mest frå normalen med sine 12,4 mm (normalt: 76,0 mm).

Både Vigra og Tafjord hadde sin varmaste dag 28. juli. Då vart det målt + 30,0 grader begge plassane.