Først ut laurdag er oppskytinga av solsonden Parker. Nasa skulle eigentleg ha skote opp sonden 4. august, men på grunn av mindre tekniske problem har oppskytinga vorte utsett til 11. august klokka 09.48, norsk tid.

Solsonden skal etter kvart komme ekstremt nær sola og gjere målingar i solatmosfæren. På det nærmaste kjem sonden til å vere 6,2 millionar kilometer frå soloverflata, opplyser astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes.

– Dette blir aller første gongen vi besøkjer atmosfæren til ein stjerne, og sonden vil gi svar på fleire mysterium rundt sola, solatmosfæren og korleis ho påverkar omgivnadene, inkludert jorda.

Solformørking på formiddagen

Etter oppskytinga av sonden, blir sola formørkt mellom klokka 10.30 og 12. Det er den største solformørkinga i Noreg sidan 2015, da formørkinga var total på Svalbard og nesten total fleire stader i landet.

Denne solformørkinga blir ikkje like spektakulær, men ho skjer på eit svært gunstig tidspunkt.

Sola står på dette tidspunktet høgt på himmelen, og formørkinga er derfor svært lett å sjå med solformørkingsbriller eller anna trygt utstyr, ifølgje Sanner og Ødegaard.

Sørvest i landet blir solformørkinga lita og kortvarig. Der kan ein med solformørkingsbriller sjå at solskiva har fått eit lite «hakk». På Austlandet blir formørkinga meir tydeleg, men det er folk i Nord-Noreg som får oppleve den største formørkinga.

– Her blir nemleg 20 til 30 prosent av sola dekt av månen.

Meteorsverm på kvelden

Når dagen er over, er det likevel ikkje slutt på spektakulære hendingar.

På kvelden startar nemleg høgdepunktet for Perseidane, som ifølgje Sannes og Ødegaard truleg blir den aller flottaste meteorsvermen i år.

Stjerneskota er eigentleg ein sverm av støvkorn som brenn opp i atmosfæren over 80 kilometer over oss.

– I år er det nymåne og perfekte forhold for å oppleve svermen på sitt beste med 60 til 100 flotte stjerneskot på himmelen kvar time på natta, seier dei.