Kystverket tenkjer å avhende Hjørungavåg fiskerihamn i Hareid kommune. Dei har sendt brev til kommunen om at dei må seie ifrå innan 6. september om det framleis er behov for statleg eigarskap av denne fiskerihamna.

Om ikkje blir ho lagt ut for sal. Det er gjennomført ei takstvurdering av fiskerihamna som seier at ho er verdt 500 000 kroner.

Eigedomen er ein molo som ligg ved Stefanneset på Hjørungavåg. Den opphavlege moloen var på 200 meter, men i dag er det berre rundt 50 meter som kan reknast som molo. 150 meter har fått tilfylt næringsareal mot seg og fungerer i dag meir som adkomstveg, står det i verditakstoppgåva.

Der står vidare at takstobjektet er lite eigna som fiskerihamn utifrå storleik/djupne/beliggenheit og at store delar av moloområdet er gjenfylt til industriområde.

Takstmannen meiner moloen er lita eigna til småbåthamn, som er eit vanleg bruksområde for nedlagte fiskerihamner.

Statlege institusjonar kan overta eigedomen vederlagsfritt. Kommunale eller fylkeskommunale instituasjonar og foreiningar med allmennyttig formål kan overta eigedomen til takst.

Om fiskerihavna går til private aktørar skal det ut på den opne marknaden.