Nattbussen køyrde av vegen:

– Forferdeleg oppleving

Litt før klokka 06.00 måndag morgon køyrde Møreekspressen utfor vegen ved Dispen i Nedstryn. Bussen, som køyrde frå Oslo til Ulsteinvik, hadde 55 passasjerar ombord.

utfor vegen: Passasjeren fortel at bussen køyrde utanfor vegen, vidare over stikkvegen i grus og ned på marka.   Foto: TOVE STAVEM REITE

Det buldra og rista voldsomt i bussen før den slo hardt ned i bakken. Det var hyling og totalt kaos i bussen

Nyhende

Marknadssjef og pressekontakt i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik, uttalte til avisa Fjordingen måndag at ingen vart skada og det var ingen dramatikk kring utforkøyringa.

Tove Stavem Reite frå Volda, som var passasjer på Møreekspressen måndag, karakteriserar utforkøyringa ganske annleis.