Daniel Slettebakk i Hareidlandet Triatlon fortel at dei startar ved demninga i Kaldholen og sym langs Røysetsida til Holesanden. Dei reknar med å bruke mellom 2 og 2 og ein halv time på dei rundt 5,5 kilometrane. Det er i alle fall ti stykke som har meldt ifrå om at dei skal symje. Men vatnet er stort, her er plass til fleire. Alle er hjarteleg velkomne!

Tysdagskvelden var dei sju personar som var ute i vatnet og sumde. Dei gjekk gjennom symjeløypa til Hareidsdølen Triatlon Sprint, som skal vere 2. september.

Men først er det altså SnipSnapSwim, sundag 12. august. Då vil det vere med to følgjebåtar. Ottar Røyset og Ørjan Røyset stiller i båt.

– Litt sunn galskap er bra, men safety først, kommenterer Slettebakk.

Han oppmodar både fleire til å vere med å symje, og å kome å sjå på. Det er berre hyggeleg om folk kjem i kajakk eller båt for å sjå på symjarane.