Frå 1. januar 2019 skal Fjord 1 trafikkere ferjesambandet Hareid-Sulesund med elferjer. Men bygginga av dei tekniske anlegga på land har ikkje starta opp på Hareid-sida, for utbyggjar har fått avslag med Hareid kommune. Men no har dei fått støtte med Fylkesmannen, så kommunen må ta saka opp på ny. Hareid formannskap har sitt første møte over sommarferien måndag 27. august.

– Når må de vere i gang med bygginga for å vere klare til ferjene skal gå frå 1. januar?

– Det vil nok gå fem månader frå spaden er sett i jorda til me er oppe i drift. No skal saka opp igjen i kommunen i august. Får me klarsignal då startar me opp arbeidet i september, så då blir me klare i starten av neste år, svarer Terje Seljestokken i Fjord 1.

Han kan opplyse om at plug-in-ferjene er hybridferjer som går like bra på diesel. Så om dei ikkje har på plass dei tekniske anlegga på land, kan dei starte opp kontraktsperioden med å la båtane gå på diesel.

Men kontrakten legg opp til batteri, så dei vil over på batteridrift så fort som råd. Han legg til at dei også ligg litt bak skjema på Sulesund-sida.

Om motstanden frå kommunen

– Korleis kjennest det å bli møtt med så stor motstand frå Hareid kommune?

– Eg kan på ein måte forstå dei som bur lokalt oppi der, svarer Seljestokken, men viser til at dei må ta omsyn til Parisavtalen og føringar frå regjeringa om at alle ferjeanbod skal vere nullutslepp eller lågutslepp. Nokre av kaiene til ferjesambanda er sentrumsnære, og vil såleis få dette nærare seg.

– I demokratiske prosessar er det alltid sånn at nokre er nøgde, andre er mindre nøgde, seier han.

Ressurskrevjande ferjer

Det er Fjord 1 som trafikkerer ferjesambandet Anda-Lote også, men der er det ikkje like dominerande tekniske installasjonar som Hareid vil få på ferjekaia. Seljestokken forklarer det med at ferjestrekket mellom Anda og Lote er langt kortare, berre 10–11 minutt, og denne ferja går saktare og treng såleis mindre kraft. Nokre samband krev større batteriinstallasjonar på grunn av avgrensa nett-effekt på land, som til dømes Hareid og Sulesund.